VELKOMEN TIL ÅRETS Leiarkonferanse
“ATTENDE TIL FRAMTIDA”

TORSDAG 24. september 2026

 

Årets tema: Attende til framtida

I ei tid prega av raske teknologiske skifte, kunstig intelligens, klimaendringar, geopolitisk uro og store samfunnsendringar er det lett å tru at løysingane alltid ligg i det som er nytt. Vi har lenge levd med ei førestelling om at utvikling går i ei rett linje framover, og at meir teknologi automatisk betyr eit betre samfunn. Men historia fortel oss noko anna. Framskritt er ikkje alltid lineært, og nye løysingar skaper ofte nye dilemma.

Temaet «Attende til framtida» handlar om å sjå bakover for å forstå kva som kjem. Det handlar om å identifisere verdiar, erfaringar og eigenskapar som er avgjerande for å kunne navigere i ei stadig meir kompleks verd. Det handlar også om å stille spørsmål ved etablerte ideer og dogmer: at noko alltid har vore slik betyr ikkje at det for all framtid skal vere sånn.

Kva må vi halde fast ved, og kva må vi fornye? Korleis kan vi kombinere ny teknologi og nye moglegheiter med den menneskelege klokskapen som er fundamentet for godt leiarskap?

Framtida blir forma av fortida. Difor handlar årets konferanse ikkje berre om kva som ventar framfor oss, men kva aktive val vi må ta for å nå den framtida vi ønskjer. Kanskje er det derfor vi er heilt nødt til å ta eit steg tilbake for å kunne ta dei rette stega framover?

Vi har bak oss ein katastrofal sommar i Europa. Rhinen tørker inn og båtar får ikkje frakta viktige varer. Når ein må jobbe i 40 graders varme fell produktiviteten, når jordbruket blir råka av tørke stig råvareprisane og når fleire hundretusen europearar evakuerast på grunn av enorme skogbrannar, aukar forsikringskostnadene og belastninga på offentlege budsjett.
I tillegg til dette må Europa handtere alt frå krig i nærområda, ustabile forsyningskjeder, energiusikkerheit og nye former for hybride truslar. Beredskap handlar med ett om meir enn berre lager, forsvar og krisehandtering, det handlar om evna til å sikre kompetanse, teknologi, infrastruktur og tillit i samfunnet.

Samstundes står vi midt i ei rivande teknologisk utvikling, der kunstig intelligens opnar for enorme moglegheiter innan produktivitet, innovasjon og kunnskapsdeling. Likevel er det berre den eine sida av KI-medalja. Etterkvart ser vi nemleg korleis KI-kappløpet utfordrar personvern og tryggleik, er ein pådrivar for “fake news”, destabilisering av demokratier og misbruk av makt.

For å diskutere dei gode løysingane på desse utfordringane har vi med oss eit stjernelag av kompetanse, kunnskap, engasjement og klokskap på scena.

Eva Joly har gjennom ei internasjonal karriere som jurist og korrupsjonsjeger kjempa for rettsstat, openheit og ansvarleg maktutøving..
Bjørn Kjærand Haugland, administrerande direktør i Skift, arbeider i skjæringspunktet mellom næringsliv, teknologi og berekraft.
Elisabeth Aarsæther har leia viktige nasjonale beredskaps- og tryggleiksfunksjonar, og tilfører perspektiv på risiko, samfunnstryggleik og leiing i ei tid der usikkerheit er blitt ein del av kvardagen.
Trude Nilsen leier Jordobservasjon Tromsø og arbeider med data frå verdsrommet som hjelper oss å forstå endringane på jorda.
Skodespelar Ane Dahl Torp er kjend for si evne til å utforske menneskelege relasjonar, kommunikasjon og motivasjon.
Frå vår eigen region bidreg Jan Olav Baarøy og Pål Haugen med innsikt om utvikling, kommunikasjon, innovasjon og leiarskap, forankra i sunnmørsk verdiskaping og omstillingsevne.

Dagen leiiast av eminente Petter Schjerven! Vi gler oss!

MØT Stjernelaget i 2026!

  • EVA JOLY

  • PETTER SCHJERVEN

  • JAN OLAV BAARØY

  • PÅL HAUGEN

  • ANE DAHL TORP

  • BJØRN KJÆRAND HAUGLAND

  • ELISABETH AARSÆTHER

  • TRUDE NILSEN

“På Leiarkonferansen i Ulsteinvik får du innblikk i lokale og globale utfordringer for ledere og mulighet til å nettverke og dele erfaringer med andre ledere. Jeg fikk et hyggelig gjensyn med «gamle» bekjente og knyttet også nye spennende kontakter. Anbefaler konferansen på det varmeste.”

— Inger Stensaker, NHH

“Leiarkonferansen 2023 var veldig bra. Å få komme tilbake til heimebane og fortelle om KIND sin reise, samtidig som jeg fikk sjansen til å bli inspirert av så mange andre flinke foredragsholdere, og ikke minst møte igjen mange fine lokale venner og forretningsfolk, var veldig givende.”

-Tom Emil Olsen, CEO KIND

Ein unik konferanse på quality hotel ulstein

Om Ulstein Business forum

Ulstein Business Forum er konferanseavdeling i Ulstein Næringsforum, ein privat medlemsorganisasjon som er eigd av verksemdene som er medlemer hos oss.
UNF skal aktivt arbeide for å styrke næringslivet i Ulstein. Vi skal styrke Ulsteinvik sin plass i landet og tiltrekke oss nye verksemder samt tilby oss å vere vertskap for relevante funksjonar. Ulsteinvik skal vere ein stad folk trivast å bu, arbeide og besøke. Ulike tilbod, bransjar og aktivitetar gjer oss aktuelle for flest mogleg. Ulstein skal vere ein relevant og aktuell stad, med eit aktuelt og relevant næringsliv.
Les meir på vår heimeside.