VELKOMEN TIL ÅRETS Leiarkonferanse
“ATTENDE TIL FRAMTIDA”
TORSDAG 24. september 2026
Vi er godt i gong med planlegginga av årets Leiarkonferanse. Aldri før har vi hatt ein betre line-up.
Vi er stolte av å kunne presentere sjølvaste Eva Joly som ein av våre hovudforedragshaldarar – ei røyst med internasjonal tyngde, skarpe perspektiv og eit engasjement som rører.
Petter Schjerven tek òg turen til Ulsteinvik og blir vår konferansier for dagen. Med si smittande nysgjerrigheit, språklege leikenheit og evne til å formidle komplekse tema på ein folkeleg og underhaldande måte, vil han gi energi, retning og gode overgongar gjennom heile programmet. Petter er kjend for å kombinere kunnskap og humor på ein måte som både skjerpar sansane og får oss til å senke skuldrane – perfekt for årets Leiarkonferanse.
I tillegg har vi med oss Pål Haugen frå ÅKP og Jan Olav Baarøy frå Høgskulen i Volda, som begge vil bidra med verdifull innsikt om leiarskap, kommunikasjon og utvikling. Vi har fleire spanande innleiiarar på blokka, så følg med.
Temaet for årets konferanse er “Attende til framtida”.
I ei verd som stadig går raskare, er det på tide å ta eit steg tilbake, og planlegge klokt for det som kjem. Korleis ser framtidas leiarskap ut?
Dette, og mykje meir får du med deg under Leiarkonferansen 2026.
Vi lovar tidenes møteplass for inspirasjon, innsikt og påfyll.
Vi håpar å sjå deg der!
Bestill din billett i dag!
MØT Stjernelaget i 2026!
-

EVA JOLY
-

PETTER SCHJERVEN
-
JAN OLAV BAARØY
-

PÅL HAUGEN
-
-
-
-
“På Leiarkonferansen i Ulsteinvik får du innblikk i lokale og globale utfordringer for ledere og mulighet til å nettverke og dele erfaringer med andre ledere. Jeg fikk et hyggelig gjensyn med «gamle» bekjente og knyttet også nye spennende kontakter. Anbefaler konferansen på det varmeste.”
— Inger Stensaker, NHH
“Leiarkonferansen 2023 var veldig bra. Å få komme tilbake til heimebane og fortelle om KIND sin reise, samtidig som jeg fikk sjansen til å bli inspirert av så mange andre flinke foredragsholdere, og ikke minst møte igjen mange fine lokale venner og forretningsfolk, var veldig givende.”
-Tom Emil Olsen, CEO KIND
Ein unik konferanse på quality hotel ulstein
Om Ulstein Business forum
Ulstein Business Forum er konferanseavdeling i Ulstein Næringsforum, ein privat medlemsorganisasjon som er eigd av verksemdene som er medlemer hos oss.
UNF skal aktivt arbeide for å styrke næringslivet i Ulstein. Vi skal styrke Ulsteinvik sin plass i landet og tiltrekke oss nye verksemder samt tilby oss å vere vertskap for relevante funksjonar. Ulsteinvik skal vere ein stad folk trivast å bu, arbeide og besøke. Ulike tilbod, bransjar og aktivitetar gjer oss aktuelle for flest mogleg. Ulstein skal vere ein relevant og aktuell stad, med eit aktuelt og relevant næringsliv.
Les meir på vår heimeside.
